Presentasjon av nye nasjonale forventninger
Nett-tv
Denne veka legg regjeringa fram nye nasjonale forventningar. Kommunal- og distriktsministeren presenterer forventningane digitalt 20. juni.
Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling i heile landet. Fylkeskommunane og kommunane skal følgje opp dei nasjonale forventningane i planstrategiar og planar. Forventningane skal også leggjast til grunn av statlege styresmakter når dei tek del i planlegginga.